Ronald The King Gundersen

Født 29. juli 1946, Stavanger
Død 11. juni 2018, Bergen

The King has left the building

Sola har gått ned ved Nordnes for siste gong for Ronald, Ronald «The King» Gundersen, Kongen av Nordnes. Ronald overgav seg til sin gud og sovna stilleinn natt til 11.06.18, knappe 72 år gamal, i stova si i den vakre murbygningen Sjøfarendes Aldershjem i Haugeveien på Nordnes.

Her budde han i tårnet som vender mot vest. Frå vindauga sitt kunne han sjå mot Hurtigruta når ho kom og fór mellom Nord-Noreg og Nøstet, og høyra dei tre kjende støyt i fløyta. Og verta minna om sitt eige sjømannsliv som ung gut.

Han kunne sjå mot heksesteinen som han gjerne viste fram så me kunne tenkja på dei 350 bål-ofra, kvinnene som var annleis, og dermed måtte bøta med livet. Kan henda kunne han kjenna seg litt att i desse skjebnane.

Her gledde han seg over rop og skrik frå fotballbana og applauderte anten det var fotballpikene eller old-boys-gutta som spelte.

Og han fekk barnelatter og –gråt inn kjøkkenvindauga frå barnehagen tvers over gata.

Han var ein kjent person i bybilete og særleg for alle bebuarar på Nordnes. Han var blomsterbarnet, hippien, kunstmalaren, og noregsmeisteren i kroppsbygging.

Han var rebellen, ei fri sjel, han var Ronald.

Han var ein motsetningsfull person som gleda mange.

Ronald var fødd i Stavanger, men på Sjøfarendes budde han i 23 år. Til saman budde han over halve livet i Vestlandshovudstaden. Kan henda vart han aldri bergensar, men ekte Nordnesbuar, det var han!

Ronald reiste til sjøs som 15-åring og har vore i mange delar av verda som ung mann. Seinare blei det militæret, studiar i psykologi og pedagogikk, lærarhøgskule og folkehøgskule. Studiane og folkehøgskulen betydde mykje for han. I 1990-åra dreiv han med kroppsbygging og oppnådde å bli norgesmestar.

Han kunne skapa liv, han var glad i folk og ville gjerne hjelpa dei som trong det. Han likte å syngja og spela gitar.

Han var kunstmålar, og mange har kome på besøk for å sjå hans fargerike verd! Han måla heilt fram til det siste. Han vart aldri nokon stor målar, men han laga mange store fargesterke måleri, fulle av symbol, kritikk og kommentarar til samfunnsforhold - krig, konfliktar, kvinneundertrykking, kvalfangst.

Han var oppteken av trening og ville gjerne hjelpa andre til å koma i form. Sjølv sleit han med kroppslege skadar i seinare år, og hadde alltid eit ynskje om å trena seg opp til betre form.

Då han fekk meldinga om den alvorlege kreftsjukdomen var hans reaksjon at han ville verta frisk, han sa at han hadde ikkje tid til dette; han hadde så mykje ugjort. Han ville gå fleire fjellturar og mala fleire bilete! Slik skulle det ikkje gå.

Livet hadde lært han at menneska ikkje alltid var til å stola på, men han hadde ei sterk og urokkeleg kristentru.

Verda er litt mindre fargerik utan Ronald.

Minneord

Takk for alt amigo. Takk for all visdom.
cato skaar  18-06-2018


Bibelen snakker om å ha en skatt i leirkaret. Den hadde du...Vis mer
Brynjulv Koll-Hansen  18-06-2018


Vi vil huske deg som samfunnsrefser, gatepredikant, poet og kunstner, rettferdigheten og de svakes forkjemper...Vis mer
Espen Gudevold  18-06-2018


Som ein spurv, på ei snor. Som ein full i eit skrålande kor...Vis mer
Eivor lægreid  17-06-2018



Se alle hilsener Skriv et minneord

Informasjon om seremonien

Adresse til bisettelsen
Store kapell, Møllendal, Møllendalsveien 56b, 5009 Bergen

Tenn et lys

Kenneth Terje Dverseth
29-08-2018 

Marianne Todd
28-08-2018 

Bernt Haarr-Olsen
22-06-2018 

Bjart Berge
21-06-2018 

Rune Lillefosse
18-06-2018 

Espen Gudevold
18-06-2018 

Anne-Kari Holm
17-06-2018 

Veronica Aalhus
17-06-2018 

Hanne Persen
17-06-2018 

Cato Gilen Skaar
17-06-2018 

Skriv inn teksten du ser i bildet under skjemaet.
Tekst i bildet
OppdaterNy kode
   Hør koden

Vis alle tente lys

Følg Ronald The Kings minneside